Skaut til kvinnebunad frå Sunnmøre

- Brodering -

Om du vil brodere jenteskautet eller koneskautet kan du gå på same kurs. Koneskautet er brodert i krossting med svart broderigarn. Jenteskautet er i mange fargar. Jenteskautet har i tillegg fleire sting som du får lære. På kurset får du lære korleis ein broderer krossting slik at det blir pent på baksida! Kurset har også litt monteringsarbeid slik at skautet er ferdig til bruk når kurset er over. Materialpakke må du kjøpe før kursstart på husfliden.

Varigheit: ½ år
18 timar/6 kveldar

Cape til kvinnebunad frå Sunnmøre

- Montering -

På våre kantar kan det vere kaldt og vindfullt. Eg monterer derfor berre cape med fòr. I kursavgifta ligg fòr til capen, som er eit svart, tynt og lett ull-fòr. Mykje av capen blir montert med symaskin og du må ha med di eiga maskin på kurset. Det er ein fordel at du har sydd litt på maskin før kurset. Det er litt heimearbeid mellom kurskveldane. Du må kjøpe materialpakke til capen sjølv. (Denne blir gjerne kjøpt samtidig med bunaden og skjorta, og ligg i same øskja)

Varigheit: ½ år
15 timar/5 kveldar

Ulsteinselane

- Brodering & Montering -

Desse selane er utarbeidde til den brune mannsbunaden og høyrer heime i den same tids-epoka. Selane er kopi og har tilhøyrt Godø-Lars som kom frå ein gard på Skeide. Seint 1800 -talet. Mange frå Ulstein-distriktet ønskje likevel å bruke dei også til den svarte, litt yngre bunaden. Du får rettleiing i alle dei ulike stinga du treng på kurset. Selane blir tilpassa i lengd etter eigaren, men det er viktig å kjøpe rett storleik på Husfliden. For å kunne montere dei, må selane vere ferdig broderte. Det vert litt heimearbeid mellom kurskveldane.

Varigheit: Eitt år
21 timar/7 kveldar