Påteikna Kvinneskjorte

- Brodering -

Denne kvinneskjorta er den som kanskje er mest vanleg til Ørskogbunaden. Den har påteikning og blir brodert med plattsaum. I tillegg lærer vi dei andre stinga du treng for å brodere skjorta. Det er ein fordel med litt tid til heimearbeid mellom kurskveldane. Treng du lupe, kan det vere lurt å ha med. Du må sjølv kjøpe materialpakke til kurset.

Varigheit: ½ år
15 timar/5 kveldar

Påteikna Kvinneskjorte

- Montering -

På kurset treng du di eiga symaskin. Skjorta har også ein del handsaum som du lærer på kurset. Kurset har litt heimearbeid mellom kurskveldane. Skjorta blir tilpassa eigaren. Den må vere ferdig brodert før kursstart.

Varigheit: ½ år
24 timar/8 kveldar

Kvinneskjorte frå Norddal

- Brodering & Montering -

Dette er ei skjorte brodert i tellesaum. Den har mykje likskap med Norddal mannskjorte. Skjorta er komponert etter ei gamal skjorte frå Dale i Norddal, tidleg 1900-talet. Du treng di eiga symaskin til monteringa, og du lærer handsaumen du treng på kurset. Kurset har litt heimearbeid mellom kurskveldane. Materialpakken får du kjøpt på kurset.

Varigheit: Eitt år
36 timar/12 kveldar

Festskjorte

- Brodering & Montering -

Skjorta er i tellelin. Den har i tillegg til broderiet , ein uttrekksaum med stopping. Til montering treng du å ha med di eiga symaskin. Du lærer også handsaumen til monteringa. Det er noko heimearbeid mellom kurskveldane. Du må kjøpe materialpakken på husfliden før kurset startar.

Varigheit: Eitt år
36 timar/12 kveldar

Mannsskjorte frå Norddal

- Brodering & Montering -

Dette er den skjorta som er vanleg til den svarte mannsbunaden. Skjorta er brodert i tellesaum. Den blir tilpassa eigaren. Skjorta er etter ei gamal skjorte frå Dale i Norddal, tidleg 1900-talet. Du treng di eiga symaskin til monteringa, og du lærer handsaumen du treng på kurset. Kurset har litt heimearbeid mellom kurskveldane.

Varigheit: Eitt år
36 timar/12 kveldar