Kvinnebunad frå Ørskog

- Brodering -

Du treng ikkje noko forkunnskapar for å melde deg på dette kurset, men det er sjølvsagt ein fordel med tolmodigheit og tid til å brodere mellom kurskveldane. På kurset vil eg lære deg dei ulike stinga og teknikkane du treng for å brodere ein Ørskogbunad. Du må sjølv kjøpe materialpakke før kursstart. Eg anbefaler materialpakke frå Husfliden.

Varigheit: Eitt år
33 timar/11 kveldar

Kvinnebunad frå Ørskog

- Montering -

Det er ein fordel om du har sydd litt på symaskin før dette kurset. Det stiller krav til litt nøyaktigheit og at du har tid til litt heimearbeid mellom kurskveldane. Elles lærer du alt du treng på kurset. Sidan delar av monteringa skjer med maskin, må du må ha med di eiga symaskin på kurskveldane. Du får også lære ein del handsaum. Personen du skal sy bunaden til må vere tilgjengeleg når vi skal ta mål/tilpasse bunaden.

Varigheit: Eitt år
27 timar/9 kveldar

Kvinnebunad frå Søre Sunnmøre

- Brodering -

Denne bunaden er brodert i krossting. Livet har ei oransje og ei raud side. Det er valfritt kva side du vel å ha ut. Krosstingbroderiet er tellesaum brodert etter plansje. Du får lære å brodere krossting slik at baksida blir rett og pen. Du må sjølv kjøpe materialpakke på Husfliden før kurset.

Varigheit: Eitt år
30 timar/10 kveldar

Barnebunad frå Sunnmøre

- Brodering -

Bunaden er utarbeidd i eige mønster på lett ullklede i blått/ svart. På kurset får du rettleiing i dei ulike stinga og teknikkane du treng for å brodere barnebunadan. Du må sjølv kjøpe materialpakken på husfliden før kursstart.

Varigheit: Eitt år
18 timar/6 kveldar

Barnebunad frå Sunnmøre

- Montering -

Kan passe frå 4/5 år til om lag 12 år. Eg vil anbefale å montère anten ein liten 4/5 år - 8/10 år eller ein litt større frå 7/8 år -12 år. Jenta som skal ha bunaden bør vere tilgjengeleg for måltaking og tilpassing. Du må ha med di eiga symaskin på kurset. Det blir litt heimearbeid mellom kurskveldane. Bunaden må vere ferdig brodert før kursstart.

Varigheit: Eitt år
21 timar/7 kveldar