Anbefaler cedertrekuler

Etter 2007 vart det av miljøhensyn ulovleg å møllbehandle ullstoff i Norge.

Vi anbefaler derfor å passe godt på slik at møll ikkje slår seg til der du oppbevarer ull. Det gjeld bunadane og andre ullplagg du har i huset.

Kva er møll?

Møll er ein liten sommarfugl som lever både ute og inne og over heile landet. Den legg små, kvite egg som blir klekt etter få dagar. Det er larvane som gjer skade og som lever av stoff som finnest i ulltekstilane våre. Møllen legg gjerne egga i brettar og folder og der det lett samlar seg støv og anna smuss.

Korleis verne seg mot møllen?

Vanleg reinhald som lufting og flekkfjerning er viktig. Heng bunaden din i ein tett bomullspose. Knyt gjerne ein  bomullshandduk eller liknande kring opninga av posen. Møll likar ikkje bomull. Cedertrekulene skil ut ei duft som møllen ikkje likar. Legg derfor nokre kuler i bunadsposen. Pass på å pusse over kulene av og til slik at dei gjer frå seg lukt.

Mona - Bunad og kurs, har cedertrekuler for sal

Mona Kleven